Velkomen til T-dagane i Fjell
Visjon for trusopplæringa vår
Visjonen vår er ei raus og tydeleg kyrkje der barn og unge får hjelp til å leve livet i tru, håp og kjærleik.
Målet vårt:
Vi skal utvikle ei systematisk trusopplæring som fremjar kristen tru, gir kjennskap til den treeinige Gud og hjelp til livstolking og livsmestring for alle døypte i alderen 0- 18 år uansett funksjonsnivå.

Kva er T-dagane i Fjell?
T-dagen i Fjell er trusopplæringsdagen det året barna og ungdomane fyller år. Til dømes T7-dag for alle det året dei fyller sju år.
T-dagen er å bli kjent med trua dei er døypte til!
T-helsinga får borna og ungdomane i posten årleg- der er det viktig innhald!
T-dagen er viktig for å erfare at vi er ein del av kyrkja!
T-dagen er like sjølvsagt som å bere borna til dåpen!
Kvifor har vi T-dagar i Fjell?
Stortinget har vedteke ei trusopplæringsreform for alle døypte born og unge frå dåpen til og med 18 år.
Fjell kyrkjelyd er i full gong med trusopplæringsprogrammet T-dagen. Det inneber ein trusopplæringsdag og ei T-helsing kvart år med ulikt innhald.
Trusopplæringa er viktig fordi dåp og opplæring høyrer saman. Det er kyrkja som saman med foreldra har dette ansvaret. Slik skal det vere like alminneleg å delta på T-dagane som å bere barna til dåpen. Barna må få lære å kjenne den kristne trua dei er døypte til. Trua gjev håp og hjelp til å meistre livet.
Kristen tru og kristne verdiar har prega folket vårt og Fjellsamfunnet i mange hundre år. Det ser vi i språk, litteratur, musikk og biletkunst. Denne kulturarven vil kyrkja i Fjell bringe vidare til nye generasjonar.
T-dagar hausten 2010:
- T6-dagen: Tirsdag 24. august i Fjell kyrkje, onsdag 25. i Landro og torsdag 26. august i Foldnes. "Skulestartdag" med tema Ny start. Teater om Noahs ark.
- T4-dagen: Søndag 5. september i alle dei tre kyrkjene. Fokus på søndagsskulen. Familiegudsteneste med utdeling av fireårsbok, kyrkjekaffi og songstund.
- T14-dagen: Tysdag 7. september. Kick-off til konfirmanttida. Tema: Skapt i Guds bilde.
- T7-dagen: Fredag 17. september (på planleggingsdagen). Pilegrimsvandring frå Morland til Fjell.
- T12-dagen: Fredag 1. oktober i Foldnes kyrkje. Tema: På sporet av Jesus.
- T10-dagen: Fredag 12. november (planleggingsdagen) i Foldnes kyrkje. Tema: Bibelen.
- T16,17,18-dagen: Laurdag 20. november-søndag 21. november. "Building Bridges" med workshops/ aktivitetar, konsert og Ung messe.
- T2-dagen: Laurdag 4. desember i Foldnes kyrkje. Myldredag med tema "Størst i Guds rike".
- T3-dagen: Søndag 5. desember i Foldnes kyrkje. Myldredag med adventstema.
- T1+ Julevandring for dei yngste i alle dei tre kyrkjene, 14.-16. desember.
Det blir dessutan gjennomført månadlege T1-dagar. Desse er delt i to: dåpskurs og babysong.
Vel møtt på "din T-dag"!