Om T1-dagen
T1 er bygd opp av tre fasar: Eit førebuande dåpskurs for foreldre og kontaktfadrar, sjølve dåpsdagen og eit føremiddagskurs i babysong.
Dåpskurs
Det blir arrangert månadlege dåpskurs i Fjell, og desse blir haldne siste torsdagen i månaden før ein skal ha dåp. Skriftleg invitasjon til dåp, dåpskurs og babysong blir sendt ut til alle som er busett i Fjell, er registrerte i Den norske Kyrkja, og som får born i januar 2007 eller seinare. På dåpskursa vil foreldra og kontaktfadderen få lære meir om dåpen og trusopplæringa, og få praktiske råd om sjølve dåpsdagen.
Dåpskurs våren 2010
| Torsdag 7. januar | i Foldnes kyrkje |
| Torsdag 11. februar | i Fjell kyrkje |
| Torsdag 25. februar | i Foldnes kyrkje |
| Torsdag 25. mars | i Fjell kyrkje |
| Torsdag 8. april | i Foldnes kyrkje |
| Torsdag 6. mai | i Fjell kyrkje |
| Torsdag 10. juni | i Foldnes kyrkje |
Dåpskurset byrjar kl. 18 og er ferdig kl. 19.30. Dersom de kan få barnevakt denne kvelden, er det ein fordel, men dette er ikkje eit krav.
Dåpskurset er viktig og nødvendig, og handlar om meir enn sjølve dåpsdagen. Dersom de ikkje kan kome, er det derfor viktig at de gir beskjed til kyrkjekontoret.
Babysong våren 2010:
| 11. januar | i Fjell kyrkje |
| 15. februar | i Landro kyrkje |
| 8. mars | i Foldnes kyrkje |
| 19. april | i Fjell kyrkje |
| 10. mai | i Landro kyrkje |
| 14. juni | i Foldnes kyrkje |
Alle babysongkursa er lagt til måndagar.
Kurset startar kl 10.30. Det vil bli ein enkel lunch midtveis, og vi er ferdige ca. 12.30. Kurset passar best for dei yngste babyane (opp til ca. 6 mnd), og invitasjonen går difor ut i samband med invitasjon til dåp.
Du kan melde deg på T1-dagen. Påmeldingsfrist er siste fredagen før kursdagen. Ansvarleg for babysong: Elisabeth. Ta kontakt!
Du kan laste ned
dåpshelsinga
og
babysonghelsinga.