Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Om T12-dagen

Takk for ein fin T12-dag fredag 25. september i Foldnes kyrkje!

Glad gjeng

Det var kjekt å møte dykk og fortelje vidare så mange forteljingar frå folk som møtte Jesus på den tida han var på jorda. Vi håper de koste dykk, og vil koma igjen til ein helt annleis T13-dag fredag 19. mars!

Til dess kan de kikke på bileta frå T12-dagen under her.

Førebuingane og "Svisj"

I gruppene laga T12-arane til fisk, bokrull og biletet av Maria, Josef og Jesus-barnet som skulle vere med på stasjonane.

T-dagslyset er tent

Svisj, vi er saman!

Arbeid i grupper

Arbeid i grupper

Arbeid i grupper

Arbeid i grupper

Kaifas, Pilatus og Maria Magdalena

Før barna vert sende ut på oppdrag for å finne meir ut om kven denne Jesus er, møter dei Maria Magdalena, den romerske guvernøren Pontius Pilatus og den jødiske øvstepresten Kaifas. Desse tre er ikkje einige!

Kaifas, Maria og Pilatus

Forteljingsstasjonane

På vandringa møtte dei Sakkeus oppe i treet ved Jeriko, fiskaren Peter og kona hans ved Genesaretsjøen, den lamme mannen og søstera hans i Kapernaum, rabbinarane i synagogen i Nasaret, dei to Mariaene i Magdala og krovertane i Betlehem. Alle desse fortel om sine møte med Jesus.

Tollaren Sakkeus i Jeriko

Fiskaren Peter og kona hans ved Genesaretsjøen

Fiskaren Peter og kona hans ved Genesaretsjøen

Fiskaren Peter og kona hans ved Genesaretsjøen

Judit og Tomas frå Kapernaum fortel om då Jesus gjorde Tomas frisk igjen

Judit og Tomas frå Kapernaum fortel om då Jesus gjorde Tomas frisk igjen

T12arar testar båra

Hos rabbinarane i synagogen

Hos rabbinarane i synagogen

Hos rabbinarane i synagogen

Hos dei to Mariaer

Hos dei to Mariaer

Maria Magdalena fortel

Hos krovertane i Betlehem

Festen hos Sakkeus og kona hans

På festen var det mykje god mat, jødisk folkedans, quiz, arbeid med kortet til T-dagsmappa, song og møte med Maria og Lukas, som skreiv det eine evangeliet om Jesus. Etter festen var det ei stemningsfull kveldsavslutning saman med mange foreldre inne i kyrkjerommet, der tema var "Frå krubba til korset". Vi tente lys og fekk velsigning med eit kors i handa ved døypefonten.

Frå festen

Frå festen

Frå festen

Sakkeus og kona hans

God mat og bugnande fat

God mat og blid gut

Frå festen

Frå festen

Lukas og Maria Magdalena

Solveig syng

Frå festen

Fleire glimt frå T12-dagen 2009

Pilatus og kona til Peter

Kjekt å få treffe ein ekte rabbinar

Rabbinaren fortel

Forventningsfull gjeng

Utstilling av T-dagsmateriell

To rabbinarar og to jødiske kvinner

Kjekt på T12-dag!

Blid gutegjeng

Blid jentegjeng

Bilete frå T12-dagen 2008

Krovertene Kjell og Bodil

Fredag 25. april 2008 var det endeleg duka for den aller fyrste T12-dagen i historia. Reformleiar Marianne Bergsjø Gammelsæter var hovudansvarleg for denne dagen, og ho hadde funne fram til månge vaksne som hadde sagt ja til å ta på seg nye roller denne dagen. Sjølv var Marianne sjølvsagt blitt til Marta, systera til Lasarus og Maria. Marta er blitt kjend som ho som steller og styrer masse for at gjestene skal ha det bra, og det passa godt til Marianne denne dagen.

Travel Marta

Svisj!

Dei frammøtte tolvåringane blei fyrst registrerte og fekk vite kva for gruppe dei var komne i. Alle gruppene hadde fått ein dyktig konfirmant som gruppeleiar. Dei sette seg gruppevis og lagde tre ting, som dei fekk vite at dei skulle få bruk for seinare på dagen. Desse tinga putta dei i T-dagsmappa si.

Svisj Svisj Svisj Svisj Jente fargelegg Jente fargelegg Asle konfirmant Skriftrulling.

Deretter gjekk vi saman inn i kyrkjerommet. Der møtte vi Kaifas, Pilatus, Maria Magdalena og Marta, og dei var ikkje heilt samde om kven Jesus var eller er

Dramapublikum Dramapublikum Kaifas, Pilatus, Marta og Maria

På sporet av Jesus

Dermed fekk ungdomane det viktige oppdraget å finne ut meir om dette. Gruppevis gjekk dei ut i området i og rundt Foldnes kyrkje. Dei møtte Sakkeus i Jeriko, To systrer i Kapernaum, to Mariaer i Magdala, Peter og kona hans ved Genesaretssjøen, to synagogeforstandarar i Nasareth og to krovertar i Betlehem. Alle desse fortalte kva dei hadde opplevd saman med Jesus, og fortalde kven dei mente at han var.

Sakkeus i treet Tre bibelske damer To stk Maria Ved Genesaretsjøen Peter og kona hans Peter og kona hans To gutar ved vatnet To synagogeforstandarar Trond fortel Krovertar i Betlehem Vertshusgjestar

Fest hos Sakkeus

Metta på inntrykk, men svoltne på mat, møtte tolvåringane til fest hos Sakkeus og kona hans. Fru Sakkeus ynskte hjarteleg velkomen, og fortalte korleis alle pengane hadde gjort at dei var einsame i det store huset. No gledde deg seg over alle gjestane. Lukas og Maria Magdalena stakk òg innom festen. Det blei tid til mellom anna mat, dans og quiz.

Festpynta bord Sakkeus og kona hans Flott fest og god mat Flott fest og god mat Flott fest og god mat Flott fest og god mat Jødisk dans Jødisk dans Lukas og Maria

Kveldsavslutning

Til slutt samla vi oss i kyrkjerommet, der vi med nokre ord oppsummerte at Jesus sa at han var "Vegen, sanninga og livet". Vi song, bad Fadervår og velsigninga, og tende lys. Vi som var leiarar denne dagen, var imponerte over kor rolege tolvåringane var.

Kveldsavslutning Kveldsavslutning Kveldsavslutning Kveldsavslutning Bibelske damer