Den norske kyrkja > Størst-av-alt-prosjekt > Fjell kyrkjelyd

Om T14-dagen

Velkomen til T14-dag 2010!

Er du fødd i 1996? Håper du no har fått meldt deg på til konfirmasjonstida i Fjell, på fjellkonfirmant.no. Då er du hjarteleg velkomen til T14-dagen og viktig info om konfirmanttida i Fjell. Dette skjer tysdag 7. september kl.16.00-19.45. Staden er den store bibelskulehallen på Bildøy.

Inga påmelding!

Det er ikkje eiga påmelding til T14-dagen i år. Dette er ein obligatorisk dag for alle som skal følgje konfirmantåret i ei av Fjell-kyrkjene. Dersom du er påmeldt til konfirmanttida, er du altså òg automatisk påmeldt til T14-dagen. Vel møtt!

Tablå To spente fjortenåringar Mange hadde møtt fram

Program

Kl.16.00 Svisj - vi er saman!
Middag
Mini-konfirmanttime i grupper
Informasjon om konfirmanttida i Fjell kyrkjelyd
Konsert med Ten Sing Lukas
Kl.19.45 Slutt
Ten Sing presenterte seg KRIK var òg med Sommarleirkonfirmantar KRIKkonkurs Friluftsliv-konfirmantar Nokre åt medbragt Gryteretten smakte godt

Foreldremøte

Også for foreldra er det mykje viktig og obligatorisk informasjon. Det blir tre foreldremøte, og foreldra/ dei føresette går på det møtet som er for den kyrkja konfirmanten høyrer til:

Landro kyrkje Tysdag 7/9 kl. 16.00-17.00 på Bibelskulen
Fjell kyrkje Tysdag 7/9 kl. 18.30-19.30 på Bibelskulen
Foldnes kyrkje Onsdag 8/9 kl. 19.00-20.30 i Foldnes kyrkje
På foreldremøtet var det sprengfullt Her er det finaste Gud har skapt Tensing hadde konsert Mange dyktige, unge leiarar var med denne dagen

Vel møtt til ein fargerik T14-dag!