T16,17,18
Leiartrening
Er du interessert i å vere med på MIniLeiarKurs (MILK) og andre leiartreningskurs? Vi møtest til ulike arrangement eit par gangar i semesteret, og drar på turar saman. Ta kontakt med Marianne!
Bli tilhengar av Fjell Menighet på facebook! Der legg vi ut dei ulike hendingane. Meld deg gjerne som deltakar!
Felles arrangement
Ungdom tilknytta dei ulike gruppene og leiartreninga (sjå under) lagar eit felles arrangement i helga den 20.-21. november 2010. Det blir ulike workshops, variert kveldsprogram og Ung Messe på søndag.
Under her kan de sjå bilete frå tidlegare arrangement i Foldnes kyrkje for denne aldersgruppa.









I Fjell kyrkjelyd har vi fleire grupper og klubbar som fungerer som møteplassar for ungdom over konfirmasjonsalder:
KMC TenSing Lukas
| Kvar | Foldnes kyrkje |
| Når | Måndagar 18.30 |
| Kontaktpersonar | Renate Ekerhovd (dirigent), tlf 932 09 185 |
| Bjarte Nese, tlf 55 09 74 52 (kontor) |
KMC Action
| Kva | Ulike friluftsaktivitetar, leiartrening og turar |
| Kontaktperson | Trond Gammelsæter, tlf 952 46 165 |
B-teen i Foldnes kyrkje
| Kvar | Foldnes kyrkje |
| Når | Torsdagar i partalsveker |
| Kontaktperson | Magne Supphellen, tlf 901 61 348 |
Landroklubben
| Kvar | Landro kyrkje, kjellaren |
| Når | Fredag i partalsveker |
| Kontaktperson | Lars Erik Lotsberg, tlf 415 38 421 |
BaseCamp
| Kvar | Sartor Senter |
| Kontaktperson | Vetle K. Eide, tlf 994 68 870 |
Du kan her lese meir om Basecamp.
Basecamp er òg på Facebook.
KRIK
| Kvar | Ågotnes skule |
| Når | Fredagar kl 18-19.30 |
| Kontaktperson | Asbjørn Sve, tlf 456 01 555 |
| Kvar | Ulveset skule |
| Når | Onsdagar kl 20.00 |
| Kontaktperson | Håvard Urhaug 959 08 037 |
| Kvar | Fjell ungdomsskule |
| Når | Torsdagar kl 20-21 |
| Kontaktperson | Andreas Hammer, tlf 930 84 522 |
| Kva | KRIK friluft med ulike aktivitetar |
| Når og kvar | Varierer |
| Kontaktperson | Geir Roald Viken, tlf 922 63 531 |
I tillegg er der Ving+ på Brattholmen bedehus og Basement på Fjell-ly.
Bilete frå T16-,17-,18-dagen 2009
Fredag 16. oktober 2009 var det endeleg klart for den aller fyrste T16-18-dagen i historia. Alle fjellsokningar fødde i 1991, 1992, 1993 og 1994 var inviterte, og dei som kom, fekk ei fargerik oppleving. Under kan du sjå bilete frå dagen.
Backstageteamet førebur leikane. Ruben har med ein fast gjeng frå Olsvik, og fekk med seg ein gjeng frå TenSingLukas og KMCAction.
Ungdommar frå heile Fjell kyrkjelyd møtte opp: Frå nordre Fjell, Bjorøy, Litle-Sotra og søre del av kommunen.
Astrid tenner T-dagslyset, som vi gjer på alle T-dagar.
Så tar Ruben over, og leier oss gjennom ein og ein halv time med Rolling Magazine: Sprø leikar, frisering, bestemors underbukser, sjokoladesaus og marshmallows, vaselin og bomull.
Ruben viste dessutan litt av kva han er god til når det gjeld sjonglering. Innimellom utfordra han ungdommane med spørsmål til ettertanke. Deltakarane tok oppgåvene på strak arm, enten det gjaldt ville (og ganske grisete) leikar på scena, helikopter i salen, eller å dele tankane sine om dagens utfordrande tema: Fair Play - Kva er rettferd?


Til slutt løfta ungdommen kvarandre, boktaveleg talt. Alle som ville fekk prøve korleis det var å stole på at vennene bar ein.
I kaféen var det muleg å kjøpe pizza, brus, popcorn og snop. Stemninga var god, og alle kosa seg. Ungdommane hadde sjølve stått på kjøkkenet og laga i stand, og dei bytta på å selge.
Kvelden vart avslutta med Ung messe i kyrkjerommet. Vi tok opp igjen temaet Fair Play: Er Gud rettferdig? Jostein frå bandet til TenSing Lukas spelte sologitar til Deilig er Jorden, akkompagnert av Torgeir Landro på orgel. Prest og kateket Terje Aannerød delte sine ”tankar i natta” om korleis Guds rettferd er annleis enn vår: Han lar nåde gå for rett! Solveig Mo sang, og alle deltok i vandring med perlene frå Kristuskransen og nattverd.
Vi håper å sjå alle som var med på neste Rolling Magazine ein gong til våren! Vi kjem til å utfordre dykk til å vere med å planlegge og gjennomføre arrangementet, og håper at de er med, og at vi får med endå fleire!