Om T1+dagen
Spanande julevandringar for eittåringane - vi gler oss til neste gong!
I byrjinga av desember 2009 var det endeleg T1+ med julevandring for dei som er fødde i 2008, og dette året klarte vi for fyrste gong å arrangere T1+ i alle dei tre kyrkjene våre. Til saman 50 eittåringar, i tillegg til føresette og nokre sysken, vandra saman med oss i kyrkjerommet, og det var stor stas. Vi sat rundt bålet med gjetarane og klappa litt på sauane, leita etter engelen og den store stjerna, fekk sjå og lukte på gåvene frå dei tre vismennene, og klappe litt på den fine babyen som låg i krubba.
Vi song òg julesongar saman, og hadde ei hyggeleg stund med kaffi, saft og kringle. Neste gong vi ser dette kullet, er på T2-dagen i advent 2010. Vi gler oss allereie! Men det er ikkje så lang tid til neste T1+dag. Det er nemleg T1+ påskevandring rett før påskeferien. Då er det 2009-kullet som blir inviterte. Det kjem meir informasjon om påskevandringane (tid og stad) når dette nærmar seg.
Bilete frå julevandringane 2009
Her er nokre bilete frå alle dei tre kyrkjene.






































