Om T2-dagen
Tusen takk for ein flott T2-dag "i knehøgde"!
Tusen hjarteleg takk til alle de som kom på T2-dagen i Foldnes kyrkje laurdag 28. november kl 13-15.30. Det blei ein fargerik og spanande dag, der vi alle fekk ein smak av kva det vil seie å vere "størst i Guds rike", slik Jesus seier at borna er. Under her kan de sjå på bilete frå dagen. Vi gler oss til å sjå dykk att på T3-dagen i adventstida 2010.
Registrering
Då born og vaksne myldra inn i våpenhuset denne ettermiddagen, var spaninga til å ta og føle på. Det var nok godt at dei alle hadde ei kjent hand å halde i. Det tok likevel ikkje lang tid før dei tødde opp og kjende seg som heime, og det passa bra, for kyrkja vil gjerne vere ein heim for alle born.
Svisj! Vi er saman!
Mange av T-dagane våre startar med ein "svisj", altså ei opningssamling der vi tenner T-dagslyset, presenterer oss og temaet for dagen, syng litt og fortel om kva som skal skje vidare. Slik var det òg på T2-dagen. Mellom anna fekk vi her treffe Kjell og Pelle (sistnevnte er ei lita mus som bor i ei korg), og dei fortalde historia om då Jesus tok borna på fanget og velsigna dei, og sa at vi alle må bli som born igjen. Denne historia er sentral på T2-dagen, og biletet bakpå T2-helsinga er frå same forteljinga. For at alle heilt frå starten skulle få ein idé om det at borna er størst i Guds rike, og at vi alle må bli som born igjen, var det hengt opp juletrekule i låg høgde i inngangsdøra. Dermed måtte alle dei store gjere seg små for å kome inn, medan borna kunne kome rette og rakrygga inn i kyrkja, nett slik dei var.







Sanserommet
Her fekk ungane leike seg med såpeboblar, fallskjerm, krabbetunnel, rymeglas, silkesjal og mykje meir.
Musikkrommet
På denne stasjonen fekk ungane kose seg med rytmer og musikk. Gjennomgangstema for songane var sansane våre og "Størst i Guds rike".
Kaffipause
Då alle hadde unnagjort to aktivitetsstasjonar, var det kaffipause, før dei gjekk til den siste aktiviteten. Det smakte godt med fersk kringle, og nokre fekk òg tid til å ta ein titt på bokbordet, der det fanst døme på god julelitteratur for born.




Målestasjonen
I Vestfløyen var det rigga til med fingermåling og plast på golv og bord, så der var det klart for at borna skulle få setje handavtrykk på eit "T2-kort" (til å setje i T-dagsmappa), og på eit stort lerretsbilete, som fekk pryde altaret i kyrkja seinare same dagen. Det blei flotte og fargerike avtrykk. Vi fekk ganske god tid på denne stasjonen, samanlikna med musikk- og sansestasjonane, så difor vart det òg tid til litt pauseunderhaldning. På to av gruppene hadde vi då ei lita ekstra songstund, på den siste gruppa blei det teikning.
Avslutning
Til slutt var vi samla i kyrkjerommet til ei lita avslutning med musikk og lystenning.




Igjen: Tusen takk til alle dykk som var med på å gjere dette til ein flott T-dag! Vi gler oss til å sjå dykk på T3-dagen og andre T-dagar.
Bilete frå den aller fyrste T2-dagen (januar 2008)

Søndag 27. januar 2008 var det duka for den aller fyrste T2-dagen i Foldnes kyrkje. Det blei ein spanande og variert dag med noko for alle sansar.


Historia om då Jesus tok dei små borna på fanget og velsigna dei, vart mellom anna formidla av Kjell Andersland, som ved hjelp av musa Pelle, fortalte historia om Jesus og borna. Dei borna som kom på T2-dagen, blei raskt kjende med Pelle, og lo godt då han tok på seg solbriller og solhatt.
.
Sanserom
I sanserommet hadde vi leik med fallskjerm, og deretter fekk ungane og dei vaksne bevege seg mellom ulike stasjonar. Det var fem stasjonar, ein for kvar av sansane våre. Her var det ulike lydar, fargar og lys. Det var ting å kjenne på, lukte på og smake på. For nokre var det mest stas å spise rosiner, for andre var sklia og fargetunnelen det artigaste.
Kaffipause
Ungane var denne dagen delt inn i fire grupper: Blå, raud, grøn og gul. Den blå gruppa var for eldre sysken. Resten av gruppene var for T2-arane. Kvar gruppe fekk med seg to aktivitetsrom/ stasjonar før pausen, og to aktivitetsrom etter pausen.
I kaffipausen fekk vi prata litt meir saman. Mange av dei som vi kom på T2-dagen, har tidlegare vore på T1babysong, og det var hyggeleg å sjå dei att.
Mange nye vener fekk vi òg.
Fingermåling
I eit av aktivitetsromma var det fingermåling. Alle fekk lage seg eit handavtrykk på eit kort, og dette kunne dei setje inn i T-dagsmappa si.
Dei fekk òg setje handavtrykket sitt på eit stort bilete der det var måla omrisset av ei kjempestor hand. Med dette ville vi illustrere at vi alle er i Guds trygge hand.

Musikkrommet
I musikkrommet hos Laila var det "full trøkk". Små og store leika seg med trommer, rasleegg og mykje anna. Dei song nokre songar som er kjent for dei fleste, og nokre som var nyare.
Vi som var med på å arrangere T2-dagen, hadde det veldig kjekt. Inntrykket vårt var at både små og store koste seg denne dagen. No gler vi oss til å treffe dykk igjen på seinare T-dagar. Det ser ut til at T3-dagen også blir ein myldredag på ein eller annan måte. De skal få meir info når det nærmar seg. I mellomtida må de ikkje vere redde for å ta kontakt, dersom de ynskjer å kome med innspel om korleis T-dagane er eller bør vere. Nokre av dykk foreldre byrjar etter kvart å sitje med ein viss ekspertise, for de har hatt born på mange ulike T-dagar. De og borna dykkar er ein svært viktig ressurs for oss som steller med T-dagane, og vi høyrer gjerne frå dykk.