Om T4-dagen
Velkomen til ny T4-dag søndag 5. september!
Når sommarferien no er vel overstått, er det snart klart for T4-dag igjen. Dette skjer i alle dei tre kyrkjene våre søndag 5. september kl. 11. Det vil vere ei familiegudsteneste der barna blir sett i fokus, og fireåringane er spesielt velkomne. Vi har to T4-dagar i året, og denne gongen er det dei som er fødde i løpet av siste halvår av 2006, altså f.o.m. 1. juli t.o.m. 31. desember 2006, som blir inviterte.
Dei som har fått invitasjon til T4-dagen tidlegare, men som då var forhindra frå å kome, er hjarteleg velkomne til å bli med denne gongen. Det er fint om de då skriv i merknadsfeltet i påmeldingsskjemaet kva årskull barnet eigentleg høyrer til, slik at dei hamnar på rett stad i listene våre.
T4-helsingane, med invitasjon til T4-dagen, blir sende ut ca 8. januar. Dersom de har ein fireåring i familien som er fødd fyrste halvdel av 2006, men som ikkje får T-helsing i posten, ber vi dykk ta kontakt med kyrkjekontoret.
Du kan òg laste ned
T4-brosjyren.
Påmelding
Vi har no byrja med påmelding til T4-dagen. Slik kan vi få ein ide om kor mange som kjem til dei ulike kyrkjene, og kva målform dei vil ha i fireårsboka. Slik kan vi òg skrive namn i bøkene før de kjem til kyrkja. Men dersom de ikkje har mogelegheit til å melde dykk på, er de likevel velkomne! Alle fireåringar som kjem den dagen vil i alle høve få bok! Det er imidlertid viktig at de melder ifrå dersom de har særskilte behov, til dømes grunna funksjonshemming eller allergiar. Det er plass til å melde dette i påmeldingsskjemaet.

Fireårsboka
Det er blitt ein god tradisjon at fireåringane blir inviterte til kyrkja for å få si eiga kyrkjebok. Dette er nok også høgdepunktet for dei som kjem på T4-dagen. Det er viktig at fireåringane kjem i god tid før gudstenesta startar, gjerne 15-20 minutt tidlegare, slik at dei kan få boka, og vi eventuelt kan skrive namnet til fireåringen inn i boka. De kan få velje mellom nynorsk og bokmål bok. Innhaldet og dei flotte bileta er dei same.



Barna får på ulike måtar setje sitt preg på kyrkja på T4-dagen. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi og kyrkjesaft. Det blir òg ei lita ekstra songstund for og med fireåringane, etter at dei har fått seg litt kake og saft. Det er viktig at alle vil med på dette òg, for etterpå vil borna få med seg kvart sitt kort som eit minne om dagen.

Det er mange gode søndagsskular i Fjell, og kan hende er det ein søndagsskule nær der du bur. Leiarane svarer gjerne på spørsmål på denne dagen, og dei ynskjer alle fireåringar hjarteleg velkomen til søndagsskulen. T4-dagen er nemleg også "søndagsskulen sin dag"
Etter kyrkjekaffien blir det songstund i kyrkja for fireåringane og dei andre borna som vil vere med. Ein av dei tilsette i trusopplæringsprosjektet leiar denne songstunda, saman med organisten. Dei fleste songane blir plukka frå fireårsboka, og vi har òg med nokre enkle rytmeinstrument som ungane kan få spele på.. Deretter får fireåringane ei ekstra gåve frå trusopplæringa. Det er difor særs viktig at alle fireåringane blir med på denne songstunda.
