Om T6-dagen
Takk for flotte T6-dagar!
Siste veka i august var det endeleg T6-dag for dei ferske fyrsteklassingane, altså dei som fyller 6 år i 2010. Det var rekordoppmøte til T6 i år. Til saman var det 75 T6-born, i tillegg til føresette og nokre sysken, samla i dei tre kyrkjene våre.
Overskrifta for dagen var "Ny start", med fokus på Noah, og på programmet stod mellom anna middag, kortstasjon, dokketeater og kveldsavslutning. Under her finn du bilete frå dagen, ordna etter dei ulike programpostene. Vi takkar alle dykk som var med, for ei flott oppleving, og vonar å sjå dykk alle igjen på T7-dagen i september 2011.
Registrering, middag og kortstasjon
Fyrsteklassingane møtte opp til registrering ca kl 16. Dei som ikkje hadde vore på T-dag før, fekk T-dagsmappe. Etter registreringa var det middag for store og små i kyrkjelydssalen. Etter som borna var ferdige med å spise, laga dei T6-kort til å ha i mappa si. Mange nytta òg høvet til å spele dokketeater sjølv.

Svisj - med spente fyrsteklassingar og modige dyr
Dei fleste borna hadde tatt med seg eit kosedyr, og alle desse dyra fekk plass i "arken" som vi hadde laga framme i kyrkjerommet. I opningssamlinga, som vi i T-dagsteamet kallar ein "svisj", snakka vi om at desse dyra kanhende hadde vore med på mykje spanande. Nokre hadde kanskje vore med på fyrste skuledag? Vi tente T-dagslyset og song eit par songar saman, før vi gjorde oss klare til å sjå teaterstykket om Noah.

Teater
Teatergruppa Dukkenikkerne spelte stykket "Noah", og både store og små fryda seg.
Ispause og info
Etter teateret gjorde det godt med is til dei små og kaffi til dei store. Samstundes fekk foreldra info om T-dagane, og nokre nytta høvet til å sjå på utstillinga av innramma T-dagsbilete.
Kveldsavslutning
T6-dagen blei avslutta i kyrkjerommet. Borna fekk tenne kvart sitt lys. Deretter song vi saman, og vi snakka om korleis vi alle kan få starte på nytt når noko er vanskeleg. Til slutt song vi velsigninga saman, og alle fekk med seg eit kritt heim. Vi gler oss til å treffe desse borna igjen på T7 neste haust!
Takk for sist på T6-dagen 2009!
Torsdag 20. august og fredag 21. august 2009 var det T6-dag i Foldnes og Landro kyrkje, og det blei ei kjekk oppleving for både store og små.
Temaet på T6-dagen er "Ny start". Vi ynskjer å ta på alvor at skulestarten er ein viktig overgang for borna. Nokre grur seg, andre gler seg, og mange gjer begge delar på ein gong. Då er det viktig å vite at ein kan få ein ny start kvar dag. Vi kan starte med ”blanke ark og fargestiftar”, slik som i Prøysen-songen. Som ei symbolsk gåve fekk borna med seg kvart sitt store gatekritt. Slik skal dei kunne hugse at det går an å vaske vekk det vi ikkje blir nøgde med, eller det som ikkje blir slik vi hadde tenkt.
Tusen takk til alle som var med på å gjere T6-dagen så flott og fargerik, og særleg til alle dei fine fyrsteklassingane. Vi ynskjer dykk lukke til vidare med skulegongen, og gler oss til å sjå dykk att på seinare T-dagar. T7-dagen dykkar kjem hausten 2010, og vi vonar å sjå mange av dykk der. Då skal vi gå ”den gamle kyrkjevegen” frå Morland til Fjell kyrkje, og det blir òg veldig kjekt.
På bileta under her kan de få sjå glimt frå T6-dagen i 2009.
Registrering, middag og kortverkstad
Kosedyra på plass i arken
"Svisj" og tenning av T-dagslyset
Teaterførestillinga "Noah" av og med "Dukkenikkerne"
Ispause, handdokker og T-dagsinfo
Kveldsavslutning
Bilete frå T6-dagen 2008
Vi arrangerte T6-dag for aller fyrste gong i 2008. Det blei ein spanande og fargerik dag for store og små, og på bileta her kan du sjå litt av kva vi såg, gjorde og opplevde.
Ungane hadde vore med å få setje sitt fargerike preg på kyrkjerommet. Dei aller fleste hadde tatt med seg eit kosedyr heimefrå. Alle desse kosedyra fekk sitje i ein båt langt framme i kyrkja, og det pynta verkeleg opp. Prestane hjelpte til med å setje dyra på plass i båten. Alle dyra fekk bli med eigarane sine heim att etterpå.
Middagsservering og kortverkstad
Før teaterførestillinga byrja, var det middag og kortlaging. Det smakte godt med fiskekarbonadar, vanlege karbonader og masse grønsaker etter ein intens skuledag.
Etter kvart som borna var ferdige med å spise, eller evt før dei spiste, fekk dei lage seg eit flott kort med temaet "Ny start". Dette fekk dei setje inn i T-dagsmappene sine.
Ispause og kveldsavslutning
Etter teateret smakte det godt med ein is for dei yngste og ein kaffikopp for dei eldste. Deretter var det tid for kveldsavslutning, og ein innhaldsmetta dag fekk ein fin avrunding med song, forteljing og velsigning. Heilt til slutt fekk alle seksåringane utdelt ein fint innpakka lauk som dei kan få setje i jorda heime. Dei fekk òg T-dagsramme og T-dagsmappe. Der kan dei setje inn T-helsingar som dei får i posten dei neste åra, og i T-dasmappa er det dessutan plass til andre ting som dei lagar eller får på ulike T-dagar. Vi vonar at både ramma og mappa kan vere til hjelp i den jamlege trusopplæringa rundt omkring i heimane.
Dersom du ikkje fekk T6-helsinga i posten, kan du laste henne ned her.
Tusen takk til alle dykk som var med - vi gler oss til å treffe dykk på T7-dagen i 2009!
Ungane hadde vore med å få setje sitt fargerike preg på kyrkjerommet. Dei aller fleste hadde tatt med seg eit kosedyr heimefrå. Alle desse kosedyra fekk sitje i ein båt langt framme i kyrkja, og det pynta verkeleg opp. Prestane hjelpte til med å setje dyra på plass i båten. Alle dyra fekk bli med eigarane sine heim att etterpå.
Middagsservering og kortverkstad
Før teaterførestillinga byrja, var det middag og kortlaging. Det smakte godt med fiskekarbonadar, vanlege karbonader og masse grønsaker etter ein intens skuledag.
Etter kvart som borna var ferdige med å spise, eller evt før dei spiste, fekk dei lage seg eit flott kort med temaet "Ny start". Dette fekk dei setje inn i T-dagsmappene sine.
Ispause og kveldsavslutning
Etter teateret smakte det godt med ein is for dei yngste og ein kaffikopp for dei eldste. Deretter var det tid for kveldsavslutning, og ein innhaldsmetta dag fekk ein fin avrunding med song, forteljing og velsigning. Heilt til slutt fekk alle seksåringane utdelt ein fint innpakka lauk som dei kan få setje i jorda heime. Dei fekk òg T-dagsramme og T-dagsmappe. Der kan dei setje inn T-helsingar som dei får i posten dei neste åra, og i T-dagsmappa er det dessutan plass til andre ting som dei lagar eller får på ulike T-dagar. Vi vonar at både ramma og mappa kan vere til hjelp i den jamlege trusopplæringa rundt omkring i heimane.
Dersom du ikkje fekk T6-helsinga i posten, kan du laste henne ned her.
Tusen takk til alle dykk som var med - vi gler oss til å treffe dykk på T7-dagen i 2009!