Om T7-dagen
Velkomen til T7-dagen 2010!
Det blir ny T7-dag for årets andreklassingar fredag 17. september. Denne dagen er det planleggingsdag på dei fleste skulane i kommunen, og difor er T7-dagen eit heildagsarrangement. Vi startar om morgonen med registrering ved snuplassen på Morland, og så går vi saman den gamle kyrkjevegen til Fjell kyrkje. Dette er ei flott turløype, og vi tar oss god tid. Undervegs blir det stopp med ulike tema. Borna går i grupper med kvar sin gruppeleiar. Når vi kjem fram til kyrkja, blir det eit variert program der.
Dersom skulen dykkar ikkje har planleggingsdag denne dagen, er det høve til å søkje skulen om fri til dette arrangementet. Ta kontakt med oss i T-dagsteamet dersom de har spørsmål.
Det er påmelding til T7-dagen, og det er viktig at de melder tidleg ifrå dersom barnet dykkar treng særskilt tilrettelegging av noka slag, til dømes grunna allergiar, funksjonshemmingar eller lærevanskar. Vi legg T-dagane til rette for alle funksjonsnivå, og vi set pris på godt samarbeid med foreldre og føresette.
Kikk gjerne på bileta under her, for å sjå korleis det var på T7-dagen tidlegare år.
Takk for ein flott T7-dag 2009!
Måndag 14. september, på valdagen, var det T7-dag for dei som er fødde i 2002, og det blei ein fantastisk flott dag. Under her kan de sjå bilete frå T7-dagen. Kan hende kan vaksne og born som var med, sjå på bileta og snakke saman om det dei opplevde.
Svisj, vi er saman!
Borna har fått pilegrimsstav og -pass med fargekode, og truffe gruppeleiarane sine. Marianne seier litt om det å vere pilegrim, og Elisabeth fortel om Emmausvandrarane. Denne forteljinga skal følgje borna på vandringa, og vi kjem tilbake til den på fleire av stasjonane. Vi syng "Alltid freidig når du går", som er T7-sangen vår. Så sender Ole Morten gruppene ut på vandring med ein kornettfanfare.
Vandring med pilegrimsstasjonar
I strålande sol (!) går gruppene den gamle kyrkjevegen frå Morland til Fjell kyrkje. Undervegs stoppar vi på stasjonar med ulike tema: Korset, bøna, vatn og dåp, håpet, påkastrøysa der vi kan leggje frå oss det som er tungt og vanskeleg - i form av ein stein. Og sjølvsagt måltidet, der vi et nistepakka vår!
Ved målet
Høgtideleg ankomst til kyrkja: Alle blir tatt imot med ei velsigning og krossteikn med vatn frå døypefonten.
Tvillingbursdag!
Marius og Sondre feirar fødselsdagen sin med T7-dag. Det må vi markere!
Frukt og bollar, hobbyaktivitatar og film om Kyrkjerottene
Etter samlinga i kyrkjerommet, er det tid for frukt og bollar til alle. Det smaker godt etter vandringa! Alle får òg vere med på å lage ei stor teikning som synar pilegrimsvegen, og dei får lage papirdokkeremser. Begge delar får seinare pryde kyrkjerommet til avslutninga med foreldra.
I kjellaren er det rigga til kino, og ungane kosar seg med den spanande og morosame forteljinga om dei to rottene som finn ein heim i kyrkja, men som må passa seg for katta til organisten. Det ender bra til slutt, sjølvsagt. T7-dagen blir avslutta med ei lita samling med foreldra i kyrkjerommet.
Takk for ein flott T7-dag! Vi håper å sjå dykk igjen på T8 på planleggingsdagen den 6. februar!
Bilete frå T7-dagen 2008
Dei åra det ikkje er val, legg vi T7-dagen på ein søndag og inviterer alle til å vere med. Slik var det i fjor. Difor er det mange andre enn T7-arane med på bileta her, både små og store. Likevel kan de sjå på bileta og få ein ide om kva T7-dagen går ut på, og kor mykje kjekt de går glipp av dersom de ikkje melder dykk på. Vel møtt på neste T-dag!
Vi starta med ein flott fanfare, ei forteljing om Emmausvandrarane, ein song og litt informasjon om pilegrimar. Deretter la vi i veg, inndelte i grupper.
Vegen frå Morland til Fjell kyrkje er ikkje lang, men vi opplevde mykje undervegs, med ulike pilegrimspostar, så nokre av oss var likevel "godt slitne" då vi nådde fram til kyrkja og familiegudstenesta.
Gudstenesta hadde òg Emmausvandrarane og pilegrimsvandringa som tema. Vi fekk vere med på ei vandring i kyrkjerommet, der vi med ulike sansar fekk lære meir om Gud.
Etter gudstenesta var det middagsservering i kyrkjelydssalen. Damene bak "familietreffa" i Fjell kyrkje, med Helene Møgster i spissen, hadde gjort ein flott jobb med borddekking og matlaging, og vi blei gode og mette.
Deretter var det film til ungane og kaffi til dei vaksne, og etter ein kort kveldsbøn gjekk vi kvar til vårt, ei oppleving rikare. Vi gler oss allereie til neste T7-dag. Men vi treng ikkje vente eit heilt år på å sjå T7-arane igjen. I februar 09 er dei T8-arar, og vi vonar å treffe dykk igjen på T8-dagen i Foldnes kyrkje. Då er temaet "Gud skaper, vi lager". Vel møtt!